3 år og 2 månader sidan lansering av Windafjord Port, men ikkje ein stein er flytta

Det er no 3 år og 2 månader sidan kommunedirektøren lanserte gigantplanen for Windafjord Port.

Dommersnes AS fekk sidan løyve til å gå i gong med første fase 15.03.2024.

I løyvet står det mellom anna: “Anleggsarbeidet skal ikkje utførast i gyteperioden for torsk (1. februar – 1. mai).”

Det vil seie at eventuell oppstart planering av Fase 1 området tidlegast vil starta i mai 2026, noko som vil vera 2 år og 2 månader etter at løyvet blei gjeve.

Dersom dette utbyggingstempoet held fram, er det lov å håpa at Vikebygd, Sveio og Ålfjorden også i 2026 vil oppleva ei fredfull tid på Dommersnes.

Men kor lenge skal eit lokalsamfunn som ikkje vil ha rasering av bygda (med Fase 2-3) måtte haldast på pinebenken?

Godt Nytt År!