60 daglege lastebillass kvar vekedag i 7 år ut frå Dommersnes på dårleg fylkesveg

I planomtalen for Windafjord Port som låg som grunnlag for høyringa første halvdel av 2025, opplyste Norconsult at det ville bli 36 daglege lastebillass i 7 år med grus frå anleggsarbeidet på Dommersnes med å opparbeida alle fasar av Windafjord Port.

Me sende inn høyringsuttale som mellom anna påpeikte at feil eigenvekt for stein låg til grunn for dette talet, alt for låg eigenvekt.

10. oktober 2025 kom Norconsult med oppdatert planomtale kor dei hadde korrigert talet på lastebillass i tråd med vårt innspel (sjå side 112-113).

Nye tal viser at kvar vekedag i dei 7 åra anleggsarbeidet skal pågå for totalprosjektet, vil det gå 60 lastebillass med grus ut frå Dommersnes på den dårlege fylkesvegen. Kor lassa skal køyrast hen står ikkje, men det er vel ikkje usannsynleg at flesteparten av lassa skal ut på E134 via det trafikkfarlege området ved Kiwi i Isvik. Når 60 lastebillass skal ut, må sannsynlegvis også 60 tomme lastebilar tilbake, dvs. 120 enkeltturar kvar vekedag i 7 år.

Omrekna blir det då 15.000 lastebillass pr. år med grus i 7 år ut frå Dommersnes eller 30.000 enkeltturar (tur/retur) pr. år i 7 år!