Dialogmøtet 18.06.2025 mellom Vindafjord kommune, tiltakshavar Dommersnes AS (DAS)/Windafjord Port (WP), Norconsult og Statsforvaltaren i Rogaland (SF) medførte at DAS/WP måtte laga eit notat som skulle samanlikna inngrep på Dommersnes med andre potensielle lokasjonar i Rogaland og Vestland fylker. Notatet, med kjelder, skulle synleggjera både behov for hamner for havvind og arealbehova for kvar hamn, og kva opparbeidingsgrad dei har i dag.
Dette notatet datert 13.08.2025 blei som resultat laga av DAS/WP og blei så vidaresendt av Vindafjord kommune til SF 14.08.2025.
Bevar Ålfjordens Perle sendte 19.08.2025 denne e-posten til SF med kommentarar til notatet då me meiner at notatet ikkje (i tilstrekkeleg grad) omtalar dagens opparbeidingsgrad og ikkje storleiken på naudsynt inngrep i form av kor mykje massar (kubikkmeter) som må sprengast/flyttast for å oppnå ynskt planering på dei ulike (mest aktuelle) lokasjonane.
Vedlegga til vår e-post:
– Notat frå Windafjord Port datert 13.08.2025 vedrørende behov og arealbehov for havner samt CO2e utslipp og konsekvenser for naturmangfold
– Konsekvensutredning klimagass for Windafjord Port
– Fagrapport klimagassutslipp for AF Miljøbase Vats med sjøområde i Vats- og Yrkefjorden
– Møtereferat frå dialogmøte med Statsforvaltaren 18.06.2025
– Foto Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo