BÅP utfordrar finansieringa og openheita i Dommersnes-prosjektet etter avtalebrot

PRESSEMELDING

Dato: 27.02.2025

Bevar Ålfjordens Perle stiller no spørsmål ved den vidare gjennomføringa av reguleringsplanen for Dommersnes etter at det er blitt kjent at Westcon ikkje har innfridd sine økonomiske plikter slik det er fastsett i aksjonæravtalen med Vindafjord kommune. Ifølgje avtalen skulle Westcon ha investert 60 millionar kroner i området, anten direkte eller gjennom tilsvarande infrastrukturarbeid. Dette er ikkje følgt opp, og det reiser spørsmål ved deira rettmessige eigarskap til 50 % av aksjane i Dommersnes AS.

Gitt desse omstenda, kvifor skal kommunen framleis drive reguleringsplanen for Dommersnes AS? Det verkar meir fornuftig å stoppa heile prosjektet no, før ytterlegare kommunale midlar blir risikerte i eit initiativ der den eine parten ikkje har levd opp til sine økonomiske forpliktingar. Dette er ikkje berre ei økonomisk uro, men òg eit spørsmål om etisk og ansvarleg styring.

Vidare er det ei aukande uro for at Dommersnes AS igjen står utan tilstrekkelege midlar. I denne samanhengen utfordrar Bevar Ålfjordens Perle òg kommuneadministrasjonen til å offentleggjera kor mykje som allereie er brukt på rådgjevarar, konsulentar og andre kostnader knytt til dette prosjektet. Det er viktig for ålmenta å vite kor mykje av skattepengane deira som har gått til eit prosjekt som no står i fare for ikkje å innfri sine lovnader – midlar som heller kunne vore nytta til å forbetre skular, barnehagar, eldreheimar og andre kritiske offentlege tenester.

Skulle kommunen velje å ikkje skyta inn fleire midlar, risikerer ein at Westcon effektivt tek kontroll over eit fullt regulert område, inkludert det verdifulle kaiområdet, for så lite som éi krone – ein eigedom dei ifølgje avtalen skulle ha investert 60 millionar kroner i.

Det er avgjerande at politikarane i Vindafjord ikkje blir lurte til å godkjenna fleire løyvingar under desse omstenda. Våre skattepengar må forvaltast på ein måte som speglar både ansvar og ein visjon for heile samfunnet sitt beste. Me krev openheit og ansvar i alle ledd, og ber våre lokale representantar ta desse bekymringane på alvor.

Bevar Ålfjordens Perle
v/styreleiar Jon Magne Svendsbøe

***

Etterord:

Me har kanskje ikkje vore heilt tydelege i vår pressemelding, men det me ville få fram er at politikarane ikkje bør vedta ein reguleringsplan så lenge Westcon ikkje har gjort sin del av avtalen/investert sin del. Då vil Westcon vera gratispassasjer på ubestemt tid og heile området på 500 daa vil vera båndlagt med ukjent utfall på ubestemt tid til ulukke for bygda.

samt:

Grunngjevinga for «utsetjing a» i november 2024:
«Styret i Dommersnes AS har i dag vedteke å utsetja oppstarten av Fase 1 på Dommersnes inn til vidare. Bakgrunnen er utsetjinga av Utsira Nord, uavklarte rammevilkår for flytande havvind i Nordsjøen og auka utbyggingskostnad.

Den planlagde utbygginga av industrianlegget på Dommersnes representerar ei vesentleg investering for eigarane og ein vil vera avhengig av medverknad frå offentleg verkemiddelapparat for å realisera prosjektet, i tillegg til konkurransedyktige rammevilkår for havvind-marknaden.

Prosessen med å utarbeida ny reguleringsplan for området går vidare som planlagt.

Arbeidet med å kartleggja moglege medinvestorar for å realisera utbygginga som også vil kunna retta seg mot andre markedssegment, går også vidare.

Utsetjinga er med andre ord grunngjeven med følgjande forhold:

-utsetjing av et konkret potensielt havvind-prosjekt

-auka kostnader 

-manglande subsidier frå det offentlege

Viss det var ein føresetnad at desse tinga måtte vera på plass før Westcon Yards (WY) skulle oppfylla sin del av aksjonæravtalen,  så ville det vore definert som forbehold i aksjonæravtalen.  Noko det ikkje er.  Tvert om er det definert kva som skal skje dersom WY ikkje oppfyller sin del av avtalen;  Kommunen kan då overta WY sine aksjar i Dommersnes AS.

***

samt litt forklaring på «1 krone» ordbruken til BÅP:

Dette er spissformulert og ein teoretisk moglegheit begrunna i kapitlet om mislighold i aksjonæravtalen: Dersom eine parten vesentleg misligheld avtalen, kan andre parten overta aksjane til den andre parten.

22.10.2024 vedtok kommunestyret i Vindafjord eit tilleggsløyve på inntil 5 MNOK til arbeidskapital (med føresetnad om same ekstrainnskot frå Westcon) for Dommersnes AS etter forespørsel frå Dommersnes AS.
Nyleg blei det avgjort at ekstra kostnadar kjem med ekstra konsekvensutgreiing for støv i tillegg til eventuelle ekstrastudiar etter pågåande høyringsrunde. Dersom det blir behov for ytterlegare kapitalauke til Dommersnes AS som følgje av ekstraarbeidet, kunne det skje at politikarane seier nok er nok, altså nei til ekstraløyve nr. 2. Dette kunne bli hevda å vera mislighold av avtalen og Westcon kunne så krevja å overta aksjane til kommunen og skaffa seg full kontroll for «ei krone».