Berre 36,5% av WP-arealet er “grått”. I tillegg kjem omlegging av fylkesvegen i urørt natur.

Dommersnes AS/Windafjord Port nyttar argumentet om gjenbruk av “grå” areal i sin reklame for prosjektet.

Definisjonen på “grå areal” er: “Arealer som allerede er tatt i bruk, eller sterkt påvirket av menneskelig bygge- og anleggsaktivitet, herunder alle typer bebyggelse, konstruksjoner og permanent opparbeidet overflate samt tilhørende arealer.”

Miljødirektoratet, SSB, Kartverket og NIBIO har saman laga eit nasjonalt kart over grå arealer.

Bevar Ålfjordens Perle har samanlikna kartet som viser grå arealer på Dommersnes med siste revisjon av plankartet for Windafjord Port frå 10. oktober 2025.

Samanlikninga vår finn du her.

Det blir sjølvsagt ikkje eksakt korrekte tal når me skal teikna inn på kart og samanlikna, men me trur me er ganske nær sanninga. Me finn at berre 36,5% av arealet for Windafjord Port er grått areal. I tillegg kjem omlegging av fylkesvegen i urørt natur som vil gjera prosenten vesentleg mindre. Me har ikkje turt å rekna på kor stort areal omlegginga av fylkesvegen utgjer. Uansett vil grått areal då kun utgjera kanskje 1/4 av arealet Dommersnes AS vil byggja ned til storindustri.

Kommunepolitikarane bør etterspørja det eksakte prosenttalet frå Dommersnes AS/Windafjord Port som kunnskapsgrunnlag før den politiske, endelege andregangshandsaminga av reguleringsplanforslaget som kanskje blir i mars (i følgje Einingsleiar for Areal og forvaltning, Thomas Vestbø, i formannskapsmøtet 10. februar 2026)!