Den siste utviklinga rundt Vindafjord kommune og havvindprosjektet i Vikebygd, med Dommersnes AS – óg kjent som Windafjord Port – reiser ei rekkje alvorlege spørsmål om kommunen er på veg inn i ei felle, eller om det rett og slett er så mykje pengar i kommunekassen at ingen bryr seg om risikoen. Formannskapet blir av kommunedirektøren 15. oktober bedt om å skyta inn fem millionar kroner i ein emisjon, som del av ein samla kapitalinnsprøytning på ti millionar kroner saman med Westcon Yards.
Var dette føresett då Dommersnes AS vart etablert? Skulle ikkje første del av prosjektet gå utan at kommunen måtte bidra med meir kapital? Tidlegare utsegner frå kommunestyret og aksjonæravtalen indikerte at fase 1 kunne gjennomførast utan at kommunen måtte investera ytterlegare midlar. Det er derfor bekymringsverdig at kommunen no brått blir beden om å skyta inn pengar – ikkje minst for å løysa ut fritidseigedommar som etter all sannsyn ikkje er naudsynt før i fase 2. Kvifor skal ein bruka pengar på dette no, og kvifor pressar Westcon Yards kommunen til å handla?
Westcon Yards AS, som eig 50 % av Dommersnes AS, ser ut til å manøvrera seg til ein posisjon der dei kan pressa kommunen både økonomisk og politisk. Det er ein reell risiko for at kommunen kan bli vatna ut som aksjonær ved denne eller neste emisjon dersom dei ikkje klarer å følgja opp med kapitalinnskot. Skal verkeleg kommunen, med dei avgrensa ressursane sine, drive næringsverksemd med pengane til innbyggjarane og driva eit selskap saman med ei stor lokal industribedrift? Dette reiser óg eit anna spørsmål: Kvifor har ikkje eigedommen på Dommersnes i Vikebygd vorte freista seld på den opne marknaden, i staden for å gå inn i eit felles selskap med Westcon Yards gjennom Dommersnes AS?
Like urovekkjande er den enorme økonomiske risikoen knytt til flytande vindkraft. Som mange ekspertar har påpeika, er denne sektoren prega av stor kommersiell risiko, og det er svært uvisst om han nokon gong vil bli lønnsam. Sprenginga av inntil 500 dekar i Vikebygd for å gjera plass til utviklinga vil vera ekstremt kostbar, og dei samla kostnadane vil truleg utgjera fleire milliardar kroner. Har kommunen verkeleg tru på at Dommersnes AS kan henta inn desse pengane, eller vil dei bli skvisa ut av Westcon Yards med nye emisjonar før ei einaste salve er sprengd? Kommunen kan enda opp med å tapa innskoten kapital viss dei ikkje klarer å matcha dei framtidige kapitalinnskota frå Westcon Yards.
Ei anna alvorleg problemstilling er at kommunen no må skyta inn pengar før konsekvensutgreiingane for fase 2 og 3 er gjennomførte. Dei skulle jo berre stilla med ei tomt som kapitalinnskot, verdsett til 60 millionar kroner, inn i prosjektet. Det verkar som om kommunen lèt seg lure inn i ei felle frå Westcon Yards. Ved å investera pengar allereie i fase 1, utan at reguleringsplanane er på plass, set dei seg i ein posisjon der dei blir pressa til å følgja opp med endå meir kapital seinare for å unngå å tapa dei allereie investerte midlane. Dette inneber høg grad av naivitet og manglande demokratisk prosess.
Politikarane har i folkemøte bede lokalbefolkninga om å ikkje førehandsdømma prosjektet, men heller venta og sjå kva dei demokratiske planprosessane vil konkludera med – “alle skal bli høyrt,” har tilnærminga vore. Men no, ironisk nok, skyt kommunen inn pengar før desse prosessane er fullførte. Dette gir sterke politiske føringar og skaper eit klima der politikarane blir redde for å snu, fordi dei risikerer å tapa ansikt. Når pengane først er investerte i fase 1, med hytteeigedommar kjøpt opp, store summar brukt på konsekvensutgreiingar og lån innvilga til Dommersnes AS, vil det vera langt vanskelegare for politikarane å ta gode avgjerder utan å bli sett på som ansvarslause.
Politikarane i Vindafjord står den 15/10-2024 i formannskapsmøte ved eit svært viktig vegskilje: Skal dei la seg driva inn i stadig aukande økonomisk risiko for å redda havvindprosjektet som allereie no krev meir pengar enn føresett, eller skal dei stoppa opp og stilla meir kritiske spørsmål ved kvifor Westcon Yards dreg dei inn i eit så risikofylt farvatn og ikkje held seg til opphavleg avtalt plan?
Kommunen er i ferd med å gå med på vilkår som i praksis gir grønt lys for fase 2 og 3 av prosjektet, og dessutan set dei i ein svak posisjon som aksjonær, og i verste fall kan kommunen enda opp med å tapa store summar som kunne vore brukt til mange andre gode formål i Vindafjord kommune.
Det er på tide å spørja: Har Vindafjord kommune for mykje pengar, eller blir dei rett og slett lurte?
Vikebygd 13.10.2024,
Bevar Ålfjordens Perle
v/styreleiar Jon Magne Svendsbøe