Broten lovnad om illustrasjon

Eitt år er gått sidan det første folkemøtet i Vikebygd, 16. februar 2023. Der blei det lova innbyggjarane at det skulle bli laga realistiske illustrasjonar over den planlagte gigantindustrien i Vikebygd. Desse illustrasjonane har Dommersnes AS ikkje klart å produsera enno. Ikkje ein gong innan merknadsfristen for planprogrammet 18. desember i fjor. Kvifor det, mon tru? Kan det tenkjast at dei ikkje ynskjer at innbyggjarane i Vikebygd skal få sjå realistiske illustrasjonar over gigantindustrien? Kan det vera at Dommersnes AS veit at realistiske illustrasjonar vil skremma bygdafolket frå å ynskja gigantindustrien velkommen?

Uansett grunnen til Dommersnes AS sin tidsbruk, har foreininga Bevar Ålfjordens perle tatt saka i eigne hender og fått hjelp av profesjonelle til å laga realistiske illustrasjonar. Jørgen Jorde i Dommersnes AS seier han ikkje kan gå god for illustrasjonane. Men einkvar fornuftig person kan sjå at den påstanden fell på sin eigen urimeligheit. Informasjon i planarbeidet er klar på storleik på både industriområdet og det som skal samanstillast på industriområdet, både på land og på sjøen. Her kan det tyda på at Dommersnes AS er redde for at folk skal sjå korleis det vil sjå ut i Vikebygd dersom planane om gigantindustri blir gjennomført.

Under er illustrasjonane til foreininga. For eit trist skue dette blir. For ei total øydelegging av ei av dei flottaste bygdene i Noreg.

Lenke til offentleg informasjon om planprogrammet: Varsel om oppstart av detaljreguleringsarbeid for industri- og hamneområde ved Dommersnes

Les også lanskapsarkitekt May Britt Vikingstad sitt inlegg: Den beste illustrasjonen av Dommersnes

Dommersnes før gigantindustri.
Dommersnes etter gigantindustri.
Dommersnes før gigantindustri.
Dommersnes etter gigantindustri.