I Vikebygd, den fredelege og idylliske bygda i Vindafjord, er det no planar om eit av dei største masseuttaka i Noreg – over 11 millionar kubikkmeter fjell skal sprengjast ut over sju til ti år (fase 1 til 3). Bak dette står tiltakshavar Dommersnes AS som er eigd 50% av Vindafjord kommune og 50% av Westcon Yards AS. Dei søkjer no fritak frå minerallova for å kunne gjennomføra inngrepet. Men heile prosjektet kviler på éin ting: intensjonsavtalar. Ikkje kontraktar, ikkje konkrete prosjekt – berre lovnader og håp.
DMF: Det manglar konkrete planar for bruk av massane som skal takast ut, samt konkrete kontraktar for framtidig bruk av området
Direktoratet for mineralforvaltning (DMF) er tydelege i sin høyringsuttale: Planen manglar både vurdering av marknadsgrunnlag og sjekk av kvaliteten på steinmassane. Det finst ingen konkrete kundar for overskotsmassane, og det er uklart om massane eignar seg til eit uavklart føremål.
DMF peikar på at kommunen ikkje har følgt deira faglege råd frå 15. februar 2023 om å regulera området til «råstoffutvinning», med industri eller næring som etterbruk. I staden er området sett av til «næring og industri», trass i at det ikkje finst konkrete prosjekt eller kundar, og det rådar stor uvisse om kva området faktisk skal brukast til. Det skal takast ut store mengder steinmassar og skapast eit stort og djupt krater i terrenget nær sentrum i bygda for å leggja til rette for eit føremål med uklart omfang og tidshorisont.
DMF må gi grønt lys for fritak frå Mineralloven
Dommersnes AS, gjennom Norconsult Norge AS, sendte først ein månad etter at høyringsfristen for planforslaget gjekk ut i april, formell førespurnad til DMF for å få avklart om det planlagde masseuttaket på Dommersnes krev konsesjon etter Mineralloven. Dommersnes AS søkjer om fritak frå Mineralloven for masseuttaket i heile planområdet, med grunnlag i unntaksføresegna i § 3, som omfattar uttak som er ein del av annan utnytting av grunnen. DMF er staten sitt fagorgan for mineralressursar og har myndigheit til å avgjera om tiltaket er lovleg utan konsesjon.
Vindafjord kommune sendte reguleringsplanen ut på høyring lenge før denne avklaringa ligg føre. DMF peikar på at dei ikkje kan fatta vedtak om konsesjonsplikt som del av reguleringsprosessen, og at tiltakshavar må søkja separat. Dommersnes AS søkte først nyleg om fritak frå minerallova for eit masseuttak på over 10 millionar m³ over 7 år (fase 2 og 3), noko DMF seier vil bli eit av dei største masseuttaka i Noreg!
Sagt på annan måte søkjer dei om konsesjonsfritak for uttak av 500 000 til 1 500 000 m³ massar per år, noko som vil medføra totalt 726 skipsanløp – tilsvarande 104 i året og 2 i veka. I tillegg kjem 9100 lastebillass i året – det vil seia 182 i veka og 36 per vekedag.
Det kan sjå ut som om Vindafjord kommune hadde tenkt å gi grønt lys for eit av dei største steinmasseuttaka i Noreg, utan at det blei vurdert ut frå Mineralloven, i og med at den offentlege høyringa var over før konsesjonsspørsmålet blei teke på alvor.
Verdifall og uvisse for vikebuar og sveibuar på vestsida av Ålfjorden
For fastbuande og hytteeigarar i Vikebygd er planane om eit av Noregs største masseuttak i nærområdet skremmande lesnad. Sjølv om det aldri blir sprengt ein einaste stein, vil vedtak om ein ny reguleringsplan i seg sjølv føra til kraftig verdifall på eigedommar i bygda. Kven tør å investera i bustad i Vikebygd når framtida kan bli prega av støy, støv og tungtrafikk? Kven vil kjøpa hytte i eit område regulert for storindustri og omfattande sprengings- og knusearbeid over mange år?
Dette er ikkje berre eit spørsmål om natur og miljø – det er også eit spørsmål om tryggleik, helse og økonomisk sikkerheit for dei som allereie har tak over hovudet i bygda.
Når kommunen og politikarane vurderer å gi grønt lys for ei slik regulering, må dei òg ta ansvar for konsekvensane. Det held ikkje å visa til framtidig grøn industriutvikling når eit heilt lokalsamfunn blir sett i spel. Dette er ikkje berekraftig utvikling for bygda, og det er ikkje i tråd med Vindafjord kommune sitt satsingsområde om attraktive lokalsamfunn.
Oppsummering
Vindafjord kommune og lokalpolitikarane står snart ved eit vegskilje når ny reguleringsplan for Dommersnes skal opp til andre gongs handsaming. Skal ein gi grønt lys for å rasera Vikebygd – basert på lause intensjonar og uavklarte forhold? Eller skal ein lytta til DMF sine faglege råd samt krevja konkrete kundar, konkrete industriprosjekt og reelle avtalar før ein vurderer godkjenning av ny reguleringsplan?
For eit stort fleirtal av grunneigarane i Vikebygd er svaret klart: Bygda må ikkje bandleggjast for ein usikker framtidsplan som det kanskje aldri blir noko av!