I Haugesunds Avis 5. februar seier dagleg leiar Jørgen Jorde i Dommersnes AS at “Eg kan ikkje på nokon måte gå god for den illustrasjonen“, når han omtalar illustrasjonen vår nedanfor.
Illustrasjonen vår er dessverre riktig for fullskala utbygging.
I planprogrammet til Dommersnes AS er det spesifisert vindturbinar som er opp til 260-270 meter høge, sprenging av 500 dekar terreng ned til kainivå med skjeringar som er 50-60 meter høge i øvre del, bygging av eit større kaiområde med ny lengde inntil 660 meter med mogeleg pir ut frå kaifront. Det blir omtala 25-30 vindturbinar under produksjon til eikvar tid ved fullskala utbygging, og mykje av delane til desse vil bli lagra på området.