4. desember 2024 presenterte Norconsult hovudpunkt frå sitt arbeid med planforslag og konsekvensutgreiingar for Windafjord Port på Dommersnes på folkemøte i Vikebygd. Her er nokre hovudpunkt:
– Sprenging og knusing av 10 mill. m3 stein over heile 7 år!
– Planering av 500 dekar ned til kainivå nesten opp til høgspentlinja med inntil 60m høge skjeringar i aust!
– Det blei ikkje presentert noko konkret som vil gagna bygda, berre negative konsekvensar. Heller inga tilflytting kunne lovast Vikebygd.
Me får håpa det snart synk inn hjå politikarane i Vindafjord kor dyre og feilslåtte desse planane er for Vikebygd på same måte som Dagens Næringsliv har artikkel som seier mykje om kor dyr og feilslått satsinga på havvind er for Norge.