Dagens kommunestyremøte med andregongsbehandling av detaljreguleringsplan for Windafjord Port kan ein sjå på kommune-TV.
SV og Vindafjordlista med sine 4 stemmer til saman var dei einaste som stemte mot detaljreguleringsplanen for Windafjord Port. Dei resterande 21 representantane frå SP, H, AP, FRP og KRF stemte for planforslaget.
Stemte NEI:
VINDAFJORDLISTA: Tormod Sandsgård, Aleksander Vølstad, Marianne Andersen
SV: Bente Kleppe
Stemte JA:
AP: Øyvind Valen, Wenche S. Lilleland
HØGRE: Modolf Haraldseid, Therese Nesheim, Åge Opheim, Geir Erik Berge, Håvard Rørtveit
FRP: Mats Årvik, Gerd Kvamme, Bjørn Alvseike
KRF: Gustav Løge Fosse, Leon Dyngeland, Liv Ingunn Heie Medhaug
SP: Ole Johan Vierdal, Jan Idar Haugen, Anne Cecilie Berentsen, Arild Roar Austrheim, Geir Magne Gjerde, Monica Nesheim, Harald Olav Stuhaug, Siv Bente Stople Østbø
Her er møteprotokoll frå møtet.
Her er våre kommentarar til media etterpå:
Ein svart dag for Vikebygd
Det var nesten sjokkerande å konstatera at eit stort fleirtal av våre folkevalde i dag ikkje ville høyra på oss som held til i Vikebygd og heller vil ofra ei idyllisk bygd og nok ein fjord i kommunen til storindustri. Når politikarane sjølve innrømmer at det vil bli det største naturinngrepet i Vindafjord nokon sinne og så stort at det er vanskeleg å førestilla seg, er det ekstra skuffande at dei vil tvinga det på ei bygd som strittar imot.
Fleire av dei same folkevalde argumenterte for å ta omsyn til alle underskriftene i Ølen mot biogassanlegg, men var altså ikkje viljuge til å ta omsyn til underskriftene i Vikebygd og Sveio (ca. 570 til saman) mot Windafjord Port.
Det blei også sagt frå FrP i dagens møte at det er nok arbeidsplassar i Vindafjord, men det er tilflytting kommunen slit med. Når blant anna unge mødre i Vikebygd står fram i media og seier at dei vurderer å flytta vekk om utbygginga blir realisert, er det eit prov på at oppfatninga om at storindustri tiltrekkjer stor tilflytting er svært gammaldags og utdatert tenking i forhold til dagens unge.
Me vil nytta høvet til å takka for tilliten frå det klare fleirtalet av grunneigarar i Vikebygd samt dei 111 på sveiosida av Ålfjorden som ynskte det motsette utfallet. Me har jobba det me kan over fleire år mot det inngripande prosjektet, og blant anna påpeikt faktafeil i konsekvensutgreiingane, men må likevel akseptera at makthavarane i kommunen ynskjer å endra Ålfjordens Perle til storindustribygda Vikebygd.
Me kan ikkje gjera anna enn å ynskja lukke til med det som Windafjord Port på nettsida si så provoserande omtalar som “kilde til fornyelse og levedyktighet for Vikebygd og Vindafjord kommune” samt “springbrett mot en mer bærekraftig og inkluderende framtid”. Så får tida visa om det blir storstilt tilflytting og fleire hundre arbeidsplassar som er lova av Vindafjord kommune og Westcon Yards AS gjennom samarbeidsselskapet Dommersnes AS.
Dette vedtaket vil liggja som ei klam hand over Dommersnes og Vikebygd dei kommande fem åra det skal gjelda for. Eksisterande bedrifter på Dommersnes vil leva i uvissa om dei kan investera i vedlikehald og innkjøp av nytt utstyr. Både fastbuande og hyttefolk på begge sider av fjorden må leva med den same uvissa som fleirtalet av dei folkevalde no har påført Vikebygd.
*****
Her er NRK TV Rogaland innslaget frå Dommersnes 13.04.2026 dagen før det endelege kommunestyremøtet.
Her er NRK TV Rogaland innslaget frå kommunehuset 14.04.2026.