Eit fulltallig formannskapsmøte gjorde i dag andregangsbehandling av detaljregulering for Windafjord Port på Dommersnes. Følgjande 9 møtte:
Ole Johan Vierdal (Sp)
Nina Karin Ramsfjell (Sp)
Monica Nesheim (Sp)
Therese Nesheim (H)
Modolf Haraldseid (H)
Gustav Løge Fosse (KrF)
Tormod Sandsgård (Vindafjordlista)
Mats Årvik (FrP)
Øyvind Valen (Ap)
Det blei eit einstemmig Ja til detalregulering for Windafjord Port (sjølv om det gjekk litt fort i svingane når dei skulle stemma over tilleggspunkta fremma av Ap. Det var nok ikkje intensjonen frå Vindafjordlista å stemma for detaljreguleringa slik den ligg føre i forslaget frå kommunedirektøren, men det har inga praktisk betydning).
Tilleggspunkta fremma av Ap som blei vedtekne i dag:
– Kommunestyret ber kommunedirektør, i forkant av oppstart av fase 2, ta initiativ til ein utbyggingsavtale slik føresegner §10-1-11 legg opp til. Avtalen kan innehalde spørsmål om utbetring av fylkesveg, bruk av massar, initiativ til bygging av bustader i Vikebygd til tilsette, og andre tiltak som er i tråd med føresegna. Sitat: “Det er ei forventning om kompenserande tiltak som kjem lokalsamfunnet til gode”.
– Kommunestyret vil sterkt henstille til selskapet om å ta rask kontakt med eksisterande bedrifter med sikte på at dei kan få føreseielege vilkår i åra som kjem. Kommunestyret vil óg henstille til at det blir etablert faste møtepunkt mellom selskapet og eksisterande bedrifter.
– Viss fase 2 ikkje har oppstart innan utgangen av 2031, vil kommestyret be kommunedirektør ta initiativ til å endra reguleringsplanen slik at annan industri kan sleppa inn i området.
Her kan ein sjå opptak av debatten og avstemminga i formannskapsmøtet på kommune-TV.
*****
Det mest interessante frå dagens møte var at det skein gjennom at dei fleste i formannskapet ikkje lenger heilt har trua på eit “havvindeventyr” – men at dei likevel ville stemma for detaljreguleringsplan for Windafjord Port.
Me er klar over at politikarane alltid skal vega ulike omsyn opp mot kvarandre, men me er mildt sagt svært skuffa og overraska over at fleirtalet av politikarane i formannskapet, folket sine tenarar, fullstendig ignorerer protestane frå 460 fastbuande og hyttefolk i Vikebygd som ikkje vil ha bygda si rasert av eit stort krater av eit storindustriområde.
Men det er enno ikkje avgjort. Kvar enkelt politikar i kommunestyret må kjenna på sitt personlege ansvar i denne saka og ikkje la seg styra av partipisken fram mot endeleg avgjerd i kommunestyret 14. april.
Vil verkeleg våre eigne politikarar overkøyra folket i Vikebygd og ofra Ålfjordens Perle når det allereie finst store planerte areal for slik industri som Wergeland Base i Gulen (1000 dekar)?