Me blir kontakta av mange som er imot planforslaget for Windafjord Port på Dommersnes, men som synest det er svært vanskeleg å skriva høyringsuttale/merknadar grunna dei enormt mange saksdokumenta som ligg ute til offentleg ettersyn på kommunen si nettside. Det er viktig å vera klar over at det er to offentlege høyringar som ligg ute med frist 22. april som kan påverka Dommersnes; 1) planforslaget til Windafjord Port og 2) arealdelen av kommuneplanen.
For å hjelpa folk har me laga forslag til tekst for begge desse høyringane som folk kan lasta ned og bruka anten som han er eller å modifisera som ein ynskjer.
Her er forslaga i word-format:
- Forslag til høyringsuttale til planforslaget til Windafjord Port
- Forslag til høyringsuttale til arealdelen av kommunedelen for Dommersnes
Lukke til med å skriva høyringsuttale!
PS: Me tek med oss desse forslaga på folkemøtet me inviterer til mandag 14. april i Vikebygd på bygdahuset kl. 18 dersom nokon berre ynskjer å signera dei som dei er der og då. Me kjem til å senda dei inn som ein felles høyringsuttale for dei som signerer fysisk der og då eller fram til 22. april.