Haugesunds Avis 06.02.2024

Lenke: https://www.h-avis.no/biletet-vart-er-den-mest-presise-illustrasjonen/o/5-62-1657981

Vårt tilsvar til: https://www.h-avis.no/dommersnes-as-me-kan-ikkje-sta-inne-for-den-illustrasjonen/s/5-62-1657653

Biletet vårt er den mest presise illustrasjonen

Av: Jon Magne Svendsbøe, Bevar Ålfjordens perle

Foreininga Bevar Ålfjordens Perle meiner at biletet vårt er den mest presise illustrasjonen av den ynskte gigantutbygginga hittil. Illustrasjonen har korrekte mål og er basert på offentleg tilgjengeleg informasjon frå Dommersnes AS/Norconsult, ref. kart frå planprogrammet.

Det er i planprogrammet spesifisert vindturbinar som er opp til 260-270 meter høge, sprenging av 500 dekar terreng ned til kainivå med skjeringar som er 50-60 meter høge i øvre del, bygging av eit større kaiområde med ny lengde inntil 660 meter med mogeleg pir ut frå kaifront. Det blir omtala 25-30 vindturbinar under produksjon til eikvar tid ved fullskala utbygging, og mykje av delane til desse vil bli lagra på området.

Me som er opptatt av at Vikebygd forheld oss til det som har vore og er av offentleg tilgjengeleg informasjon, ref. lenke nedanfor til Norconsult sitt planprogram. Samstundes er det interessant å registrera at representanten for Westcon og kommunen no hintar om anna verksemd enn det som har vore kommunisert så tydeleg det siste året.

Dersom Westcon ikkje veit kva dei ynskjer å gjera med området, viser vel det berre at dei først og fremst er interessert i tomta. For oss som bur i Vikebygd, og dei som har hytte her, er det uansett heilt essensielt at me får ei total konsekvensutgreiing av området som dekkar eksakt det arealet og den aktiviteten dei ynskjer på området.

Ei massiv utbygging vil ha store irreversible ringverknadar på naturen i Vikebygd og livskvaliteten til innbyggjarane.

(Lenke til offentleg informasjon om planprogrammet på Norconsult si nettside: Varsel om oppstart av detaljreguleringsarbeid for industri- og hamneområde ved Dommersnes – Norconsult).