BÅP innvendingar til fagrapport luftkvalitet og støvspreiing

Foreininga Bevar Ålfjordens Perle sende 30.09.2025 desse kommentarane og innvendingane til dei to fagrapportane “Fagrapport luftkvalitet” og “Videre vurdering av overvann og myr – Dommersnes industriområde” som er utarbeida av Norconsult Norge AS og som blei sendt frå Dommersnes AS til Vindafjord kommune i september 2025.

Våre hovudinnvendingar er relatert til Fagrapport luftkvalitet og at rapporten ser ut kun å ha vurdert støvspreiing frå knusing og massetransport og ikkje frå sprengingssalvene tilsvarande det dei opplever på Jelsa frå pukkverket til Mibau Stema Norge AS kor dei i avstand på 2 og 3 km opplever støvskyer som legg seg på utemøblar og bilar.

Bergartane på Dommersnes er hovudsakleg granitt og migmatitt som inneheld mykje kvarts. Innanding av slikt støv er kreftframkallande, noko som heller ikkje er omtalt i Fagrapport luftkvalitet.