Klage til Sivilombodet på byggeløyvet for fase 1

Landskapsarkitekt May Britt Vikingstad og Bevar Ålfjordens Perle sende 29. juli 2024 inn denne klagen på byggeløyvet for fase 1 på Dommersnes til Sivilombodet.
Me meiner det er gjort klare sakshandsamingsfeil i den offentlege forvaltninga (kommune og Statsforvaltar i Rogaland) i samband med dette løyvet.

20. august 2024 mottok me dette førebelse svaret frå Sivilombodet. Svaret seier i praksis at Sivilombodet vil gå inn i saka. Me vil motta nærare svar innan 10-12 veker.

21. august 2024 sende me difor e-post til Vindafjord kommune med følgjande krav:
Med basis i pågåande sakshandsaming hjå Sivilombodet, krev Bevar Ålfjordens Perle og landskapsarkitekt May Britt Vikingstad at Vindafjord kommune gjer eit vedtak om utsett iverksetjing av tiltak, altså at Dommersnes AS (Windafjord Port) ikkje får lov å starta fysisk sprenging, knusing og planeringsarbeid av Fase 1 området på Dommersnes i påvente av handsaming av klagen hjå Sivilombodet.

23. september 2024 avslo Vindafjord kommune ved Kommunalsjef samfunnsutvikling, Halfdan Krohn Brekke, med dette brevet vårt krav basert på dette rådet mottatt frå kommuneadvokaten i Karmøy kommune 13. september 2024.

4. oktober 2024 sende me denne nye klagen til Sivilombodet på avslaget frå Vindafjord kommune om utsett iverksetting av Fase 1 tiltaket.

21. november 2024 fekk me endeleg svar frå Sivilombodet. Dessverre har Sivilombodet valt å ikkje gå vidare med saka av prioriteringsomsyn, og handsaminga av vår klage er avslutta. Sjølv om me er skuffa over at Sivilombodet ikkje undersøkjer saka vidare, er me framleis opptatt av å ta vare på Ålfjorden og naturen på land og sikra at alle miljømessige, juridiske og demokratiske hensyn blir ivaretatt. Me meiner framleis at vedtaket frå Statsforvaltaren i Rogaland og Vindafjord kommune baserer seg på eit utilstrekkeleg plangrunnlag, og at krava i plan- og bygningslova samt naturmangfaldslova ikkje er tilstrekkeleg ivaretatt.