Ekstra KU for luftkvalitet og støvspreiing utarbeida av Norconsult

Norconsult har no fått utarbeida ekstra KU for luftkvalitet og støvspreiing, “Fagrapport luftkvalitet“, som ein kan lesa seg opp på og gjera seg ei meining om. Me noterer oss at rapporten ikkje seier noko om kva type støv ein kan venta seg, tema som kvartsstøv, tema som kreftfare ved innanding av kvartsstøv.

Dei skriv i konklusjonen:
“Ut fra foreliggende datagrunnlag vurderes luftkvaliteten i perioden det vil foregå masseuttak og utskiping av masser til å bli noe forringet. Når driftsfasen starter, vil luftkvaliteten forbedres etter hvert som de støvgenererende aktivitetene avsluttes.”

Effekten av 7-10 år med sprenging og knusing blir altså omtalt som “luftkvaliteten i perioden vil bli noe forringet”.
Er dette verkeleg faktabasert konklusjon i ein fagrapport frå Norconsult?

Vidare står det i konklusjonen:
“Vindrosen for området viser at dominerende vindretning i vindrosen er nordover og nordvestover, slik at luftforurensning som genereres på området hovedsakelig ikke vil spre seg mot bebyggelse, og ikke forringe luftkvalitet i Vikebygd. Det ligger ca 8-10 boliger nord for industriområde innenfor influensområdet.”

Me minnar om at på Jelsa og pukkverket til Mibau Stema der, opplever naboar i inntil 3km omkrets støvskyer frå sprenging, og støv som legg seg på bilar og utemøblar. Mange i Vikebygd har også erfaringar frå Peconor sine utsprengingar på slutten av -80 talet kor bil og utemøblar støva ned…

Skal verkeleg kommunepolitikarane gjera seg opp ei meining på dette grunnlaget?