Manglande respekt frå Dommersnes AS til pågåande reguleringsplanprosess og innbyggjarane i Vikebygd

Ifølgje nettsida til 50% kommunalt eigde Dommersnes AS (Windafjord Port), er ny reguleringsplan/byggeløyve allereie på plass.

Deira nettside reklamerer med opptil 530 dekar tilgjengeleg både i tekst og bilete (setning utheva i gult av oss):

men pr. no er berre fase 1 godkjent/tilgjengeleg (70 dekar).
Driv dei med bevisst villeiing? For å påverka potensielle kundar? Og/eller for å påverka kommunepolitikarane til å stemma ja til ny reguleringsplan for Windafjord Port?

Svaret på dette frå Dommersnes AS (Windafjord Port) på vår Facebookside er følgjande:
“Dette er så enkelt at det foreligger en godkjent reguleringsplan for området (530 mål) Fra 80 tallet, og vi har godkjent byggeløyve for fase 1. Nå arbeider vi med en ny reguleringsplan, iht dagens krav, og regner med å få den godkjent i løpet av noen måneder. Jeg synes ikke nettsiden kan forstås så veldig annerledes enn det.”

Vår kommentar til dette svaret er følgjande:
Kva med å visa respekt for innbyggjarane i bygda, alle som har sendt inn høyringssvar og for pågåande reguleringsplanprosess og venta med å annonsera 530 dekar tilgjengeleg for deira formål/kundar til ein ny reguleringsplan for 530 dekar eventuelt blir vedteken av dei folkevalde i kommunen?
Det faktum at selskapet er 50% eigd av Vindafjord kommune forpliktar dei til å følgja spelereglane og visa respekt for bygda dei ynskjer å etablera seg i.