Me sende i dag ut denne pressemeldinga til media lokalt og nasjonalt før endeleg avstemming i kommunestyret 14. april:
Pressemelding
Fryktar konsekvensane av industriutbygging: – Veit ikkje om vi kan bli buande om dette blir gjennomført
(Vindafjord, 9. april 2026)
Kommunestyret i Vindafjord skal snart avgjera om dei vil godkjenna utbygging av det planlagde industriområdet på Dommersnes i Vikebygd. Fleire innbyggjarar fryktar konsekvensar både for helse, livskvalitet og naturmangfaldet i bygda, og tek no opp kampen mot utbygginga.
Planane for Dommersnes i Vikebygd er å etablera eit stort industri- og hamneområde for samanstilling av komponentar til havvindprosjekt, og inneber omfattande sprenging og masseuttak på opptil 11 millionar kubikkmeter fjell.
Dersom prosjektet blir sett i gang, vil dette føra til ein anleggsperiode på minst sju år, med sprenging, støy, støv og omfattande transport av massar gjennom kommunen.
Prosjektet har nyleg vore handsama i formannskapet i Vindafjord kommune, som har gitt si tilslutning til reguleringsplanen og rår til at kommunestyret godkjenner utbygginga når saka kjem opp til endeleg handsaming 14. april.
Lokalbefolkninga nektar å gje opp
Fleire av innbyggjarane i Vikebygd går no ut i eit siste forsøk på å få stogga godkjenninga av utbyggingsplanane. For dei handlar saka først og fremst om korleis dei planlagde naturinngrepa vil påverka både buforhold, miljø og helse for lokalbefolkninga.
Småbarnsmora Iselin Løvhaugen Tveiten flytta til Vikebygd i 2019. Ho er usikker på om ho blir buande dersom prosjektet får gjennomslag.
– Vi er svært usikre på kva dette vil bety for oss som bur her. Prosjektet inneber uttak av massar og stor anleggstrafikk over mange år, noko som kan føra til mykje støy, støv og helseplager for familiane som bur i nærleiken. Vi har valt å busetja oss i Vikebygd fordi det er ein vakker og fredeleg stad, men no er vi redde for at grunnlaget for å bu her forsvinn, seier Iselin Løvhaugen Tveiten.
Løvhaugen ønskjer eit berekraftig næringsliv i bygda, men meiner ei utbygging av denne storleiken er øydeleggjande.
– Det er vanskeleg å sjå kvifor dette er positivt for oss som bur her, særleg når prosjektet ikkje vil føra til mange lokale arbeidsplassar. Skal ein få fleire til å flytta hit, må det vera attraktivt å bu her, og denne utbygginga vil ikkje hjelpa, seier Iselin Løvhaugen Tveiten.
Jeanette Persvangen Ødegård driv gard saman med mannen sin i Vikebygd, og har barn på 7 og 10 år. No er ho uroa for korleis ei utbygging vil påverka bygda.
– Vi flytta hit for fire år sidan for å gje barna våre eit roleg og trygt oppvekstmiljø, men dersom vi får ei storstilt utbygging er vi usikre på om vi kan bli buande. Tanken på å leva med støy, støv og moglege helseutfordringar er skremmande, og ikkje noko vi vil utsetja barna våre for, seier Ødegård.
Foreininga vil stogga utbygginga
Foreininga Bevar Ålfjordens Perle vart oppretta lokalt for å kjempa mot utbygginga i Vikebygd. Styreleiar Jon Magne Svendsbøe ber no politikarane om å tenkja både på lokalbefolkninga og hytteeigarane i området før dei stemmer over forslaget 14. april.
– Det er viktig med lokal næringsutvikling og arbeidsplassar, men eit prosjekt som dette vil innebera for store inngrep og skapa for stor belastning både for lokalsamfunnet og naturen i området. Opptil 105 000 lastebillass skal fraktast ut av området i perioden, og ingen kjenner konsekvensane for luftforureininga frå kvartsstøvet som blir spreidd i samband med ei slik utbygging. I tillegg må eksisterande bedrifter og arbeidsplassar på Dommersnes mest truleg flyttast ut av bygda.
– Vi meiner politikarane må ta innover seg dei langsiktige skadeverknadene før dei fattar ei endeleg avgjerd – ikkje minst med tanke på moglege helseutfordringar, seier Svendsbøe.
Saka har skapt stort lokalt engasjement, fortel Svendsbøe.
– Over 460 fastbuande og hytteeigarar har signert opprop mot prosjektet. Det viser kor sterkt dette rører folk. For mange handlar dette om korvidt Vikebygd framleis er ein stad dei ønskjer å bu, fortel Jon Magne Svendsbøe.
Før påske trekte statsforvaltaren innvendingane sine i saka, og formannskapet i Vindafjord rådde deretter kommunestyret til å godkjenna prosjektet. Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyret 14. april.
Svendsbøe fortel at dei ikkje har gjeve opp kampen.
– Det finst andre og allereie planerte område på Vestlandet, så vi ønskjer å få stogga prosjektet i Vikebygd, avsluttar Jon Magne Svendsbøe.
Dette er hovudkonsekvensane ved ei utbygging:
- Sprenging av 11 millionar m³ fjell – tilsvarande volumet av om lag 94 Oslo Plaza-hotell
- Anleggsperiode på minst sju år med sprenging og knusing av stein
- Støy og støv frå anleggsarbeid tett på bustader og fritidsbustader
- Risiko for helseskadeleg kvartsstøv for familiar som bur i nærleiken
- Rundt 60 lastebillass med pukk kvar dag på smal fylkesveg
- Totalt opptil 105 000 lastebillass ut av området i perioden
- Om lag 181 skipsanløp i året for transport av stein
- Nedbygging av 466 dekar natur (om lag 65 fotballbaner)
- Tre hytter må fjernast, og ei vik i Ålfjorden blir fylt igjen
- 400 meter strandline blir gjort om til kaiområde
- Konsekvensutgreiinga peikar på svært stor negativ konsekvens for naturmangfaldet
For meir informasjon, kontakt:
Jon Magne Svendsbøe, styreleiar, Bevar Ålfjordens Perle
Tlf.: 481 88 430
E-post: alfjordensperle@gmail.com
Her er kontaktinformasjon til fleire råka innbyggjarar i Vikebygd som ønskjer å uttala seg om konsekvensane av ei eventuell utbygging:
- Iselin Løvhaugen Tveiten – 400 16 315, e-post: Iselin.lovhaugen.tveiten@gmail.com
- Jeanette P. Ødegård – 952 19 297, e-post: jmp@live.no
- Mona Aksdal – 456 17 888
- Iselin Eidhammer Tveit – 986 25 428
Meir informasjon om foreininga:
www.alfjordensperle.no
Bilete og bilettekstar
Bilete frå venstre: Iselin Løvhaugen Tveiten, Iselin Eidhammer Tveit og Mona Aksdal er alle svært uroa for ei mogleg utbygging av Dommersnes i Vikebygd:
(foto: Bevar Ålfjordens Perle)

Jeanette Persvangen Ødegård er småbarnsmor og innbyggjar i Vikebygd. Ho stiller seg kritisk til dei omfattande planane om utbygging av Dommersnes:
(foto: Bevar Ålfjordens Perle)

Jon Magne Svendsbøe er styreleiar i Bevar Ålfjordens Perle:
(foto: Bevar Ålfjordens Perle)

11 millionar kubikkmeter fjell skal fjernast dersom det blir gjeve grønt lys for utbygging av Dommersnes i Vikebygd:
(foto: Bevar Ålfjordens Perle)

