Statsforvaltaren i Rogaland sende i dag 20. juni 2024 dette avslagsbrevet til alle klagarane på byggeløyvet for fase 1.
Windafjord Port / Dommersnes AS opplyste på folkemøtet 20. juni at dei vil setja i gong planeringsarbeidet av fase 1 i september eller kanskje meir sannsynleg oktober i år. Kor lenge sprengnings-/knusings- og planeringsarbeidet vil føregå, kunne ikkje dagleg leiar Jørgen Jorde opplysa om på noverande tidspunkt, men han sa at arbeidsdagane typisk vil bli frå 7 til 19.