Statsforvaltaren tilrår halvert areal – Dommersnes AS nektar

28. april 2025 sende Statsforvaltaren i Rogaland inn sin høyringsuttale til planforslaget for Windafjord Port. Høyringsuttalen inneheldt ei rekkje motsegner til planforslaget.

18. juni 2025 kalla difor Vindafjord kommune inn Statsforvaltaren i Rogaland, Dommersnes AS og Norconsult til dialogmøte for alle motsegnene.
Norconsult sin presentasjon i møtet 18. juni.
Windafjord Port/Dommersnes AS sin presentasjon i møtet 18. juni.

Møtereferatet frå møtet omhandlar dialogen mellom partane rundt dei ulike motsegnene.
Eit interessant tema som vart diskutert er trongen for det store arealet på ca. 500 dekar med tilhøyrande enormt masseuttak.
Statsforvaltaren tilrår at ein vurderer å klara seg med mindre areal – at ein vurderer å kutta ut fase 3 som utgjer heile 300 dekar og som står for eit stort naturinngrep og masseuttak.
Dommersnes AS vil derimot ikkje avgrensa arealet i det heile då dei seier at det framleis er uklart kor stort arealbehovet blir, og at det er avgjerande for finansiering at det er mogleg å utvikla området i tråd med behova til havvindprosjekta.

Statsforvaltaren legg til at det beste for å redusera klimagassutslepp er å bruka område som fordrar minst mogleg inngrep. Statsforvaltaren tilrår at det blir gjort ei vurdering som samanliknar inngrep på Dommersnes med andre potensielle lokasjonar. Dommersnes AS/Norconsult må difor utarbeida eit notat, med kjelder, som synleggjer både behov for hamner for havvind og arealbehova for kvar hamn, og kva opparbeidingsgrad dei har i dag.


Kjelde: Møtereferatet frå dialogmøtet 18. juni mellom Vindafjord kommune, Dommersnes AS, Norconsult og Statsforvaltaren i Rogaland.