Statsforvaltaren svara i dag Vindafjord kommune med dette brevet på førespurnaden om dei trekkjer motsegnene sine mot Windafjord Port basert på dokumenta som har blitt oversendt frå tiltakshavar i løpet av det siste halve året. Konklusjonen er at Statsforvaltaren berre anser 3 av dei 8 motsegnene som løyste pr. no.
Kortversjonen av svarbrevet deira er denne, sitat (uthevingar er gjort av oss):
“Vi syner til epost frå Vindafjord kommune 27.10.2025 med oppmoding om å trekke motsegn til detaljregulering for industri- og hamneområde Dommersnes, planID 202308, og til oversendingar frå kommune dagsett 23.10.2025 og 13.11.2025 med supplerande dokumentasjon.
Vi ser behov for ei vidare drøfting med kommune om løysing av motsegnene knytt til klimagassutslepp, naturmangfald på land og vassmiljø (ferskvatn).
På bakgrunn av oversendt materiale ser vi motsegn til følgjande forhold i planforslaget som løyst:
- Naturmangfald i sjø
- Luftkvalitet
- Samfunnstryggleik
Når det gjeld motsegnene knytt til støy og massehandtering har vi konkrete innspel til justeringar i planforslaget som kan løyse desse.”