Foreininga Bevar Ålfjordens Perle ønskjer å uttrykkja sterk motstand mot planane om å bruka Vikebygd som stad for montering av havvindturbinar. Me meiner at dette prosjektet representerer ein høg risiko, gambling med ei bygd i potten og er basert på subsidiar frå fellesskapet, noko som ikkje er berekraftig på lang sikt.
Historisk samanlikning med oljeeventyret
Statsminister Jonas Gahr Støre har trekt parallellar mellom dagens subsidiering av havvind og oppbygginga av olje- og gassnæringa for 50 år sidan. Dette er ei samanlikning som ikkje held mål. Oljeeventyret vart drive fram av privat kapital og oppfinnsame bedrifter, medan havvindprosjekt i dag er avhengige av statlege subsidiar frå dag éin.
Steinar Juel, samfunnsøkonom i Civita, påpeikar i artikkelen sin i Dagens Næringsliv at det var eit privat, amerikansk oljeselskap, Phillips Petroleum, som tok sjansen og byrja å leita etter olje og gass, trass i vurderingane til fagorganet til den norske stat. Phillips vurderte sannsynet for funn til å vera høgare enn NGU gjorde, samstundes som lønnsemda ved funn ville vera veldig høg. Forholdet mellom gevinst og risiko talte for å prøva.
Det var ikkje midlane til fellesskapet som bygde opp oljeverksemda. Det var privat kapital og oppfinnsame og omstillingsdyktige bedrifter. Dyktige embetspersonar og politikarar tok den rolla dei skulle ha; dei vedtok reguleringar og skattereglar som ramma inne oljeverksemda og gjorde at grunnrenta i hovudsak fall til fellesskapet.
Økonomiske utfordringar med havvind
Havvind har møtt store kostnadsutfordringar dei siste åra, og denne typen kraft er dyr. Konsulentrapportar som hevdar at kostnadane vil gå ned med auka satsing frå styresmaktene, baserer seg på skjønnsbaserte framskrivingar. Erfaringar frå Storbritannia viser at ein ikkje har klart å redusera utbyggingskostnadane for botnfast havvind gjennom auka aktivitet brakt fram av offentlege stimulansar.
Petter Osmundsen, professor, og Sindre Lorentzen, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, skriv i Dagens Næringsliv at berre staten løyver titals milliardar til botnfast havvind, får me kostnadsreduksjonar frå industrialisering og skalering, men denne samanhengen er udokumentert. Havvind er ein global bransje, med globale forsyningskjeder, og der eventuell læring vil vera global. Norske prosjekt vil vera marginale i denne samanhengen.
Bevar Ålfjordens Perle
Bevar Ålfjordens perle er ei foreining som jobbar for å ta vare på den vakre og idylliske bygda Vikebygd. Me ønskjer å hindra utbygginga av Dommersnes industriområde med dei gigantplanane som er presentert om havvindturbinar. Me meiner at dette prosjektet vil ha store negative konsekvensar for lokalsamfunnet og naturmiljøet rundt.
Samandrag
Foreininga har klaga til Sivilombodet på vedtaket om igangsetjing av Fase 1 av prosjektet. Me meiner at kommunen ikkje følgjer gjeldande reglar (plan og bygningslova) for igangsetjing av eit slikt prosjekt.
Me oppmodar Vindafjord kommune og kommunepolitikarane om å revurdera planane om å bruka Vikebygd som stad for samanstilling av havvindturbinar (med høgde inntil 340m !). Dette prosjektet representerer ein stor risiko og er avhengig av subsidiar frå fellesskapet, noko som ikkje er berekraftig. Erfaringar frå andre land viser at kostnadane ved utbygging av havvind ikkje nødvendigvis blir reduserte med auka aktivitet, og at slike prosjekt ofte krev kontinuerleg økonomisk støtte for å vera levedyktige.
Vidare vil utbygginga ha store negative konsekvensar for lokalsamfunnet og naturmiljøet i Vikebygd. Bevar Ålfjordens Perle jobbar for å ta vare på den vakre og idylliske bygda, og me meiner at det for Dommersnes er viktig å jobba for berekraftige løysingar som er tilpassa bygda, småskala industri, som tek vare på naturmiljøet samstundes som det genererer inntekter.
Vindafjord kommune og storindustrien har moralsk sett ikkje lov til å “ofra” ei bygd – det vil seia påtvinga slik storindustri og stort naturinngrep i ei bygd der så mange er sterkt imot!