Utbygginga på Dommersnes vil ikkje stoppa med fase 1

Industriplanane på Dommersnes i Vikebygd er delt inn i tre fasar – fase 1, 2 og 3. Fase 1 er kort fortalt at ein tar eksisterande industriområde mellom sjøen og fylkesvegen på Dommersnes, sprengjer det ned til kainivå og dermed gjer det meir attraktivt for interessentar/investorar. Fase 2 og 3 er utviding av industriområdet på Dommersnes nordover og austover frå fylkesvegen. Fleire ser på desse fasane som ulike prosjekt, og det har difor spreidd seg ei slags formeining om at ein kan stoppa etter fase 1. Me trur dessverre ikkje at det er realistisk.

Dette med å dela opp større utbyggingar i fleire fasar er ein kjent taktikk brukt i liknande utbyggingar, kor utbyggjar “lét som” om det er snakk om fleire fasar for å unngå krav om naudsynte konsekvensutgreiingar frå starten av. Ein får gong på utbygginga utan større konsekvensutgreiingar, og sjølv om konsekvensutgreiingar for seinare fasar viser at utbygginga er uheldig for samfunn og natur, klarer ein ikkje å stoppa det irreversible inngrepet. Då er det for seint – “me er jo igong, så…”.

Statsforvaltaren i Rogaland påpeiker i sin klage på Vindafjord kommune sitt vedtak om dispensasjon for fase 1, at søknaden om dispensasjon er grunngjeven med at fase 1 er første del av ei større utbygging og at det difor må sjåast på som éi stor utbygging, med alle fasane inkludert. Foreininga Bevar Ålfjordens Perle støtter Statsforvalterens syn og meiner at det er urealistisk at Dommersnes AS kun vil byggja ut fase 1.

Vårt standpunkt er forankra i det som har vore kommunisert offentleg, og i offentleg tilgjengelege planar. På det første informasjonsmøtet 16. februar i Vikebygd i fjor, svarte ordføraren “alt eller ingenting” på spørsmål om kor mange av fasane dei ser for seg skal bli gjennomført – eit svar som er gjentatt av sentrale kommunepolitikarar.

Dersom ein ser for seg at fase 1 kan gjennomførast utan påfølgjande fasar, betyr det ikkje at eksisterande industriområde skal brukast slik det er i dag. 54 dekar skal då bli sprengt ned til kainivå. Dét i seg sjølv vil kunne øydeleggja Ålfjordens Perle slik ho er i dag. Dommersnes AS har ikkje sagt kva området skal brukast til dersom det mot alle odds blir med fase 1. Inntil selskapet kan lova ein form for industri og arbeidsplassar, er det like sannsynlig at det kun blir eit stort hol i landskapet til lagerbruk.

Foreininga Bevar Ålfjordens Perle trur det er svært lite sannsynlig at utbygginga vil stoppa med fase 1. Difor må heile utbygginga følgja lovar og reglar og heile området må konsekvensutgreiast under eitt før eventuell gigantutbygging starter opp. Me meiner at det vil vera betre for fastbuande og hytteeigarar i Vikebygd dersom utbygginga ikkje finn stad. Vårt standpunkt er at kommunen heller må stimulera til tomteutvikling slik at fleire barnefamiliar kan etablere seg i bygda, gjerne på attraktive tomter på Dommersnes. Det vil skapa eit meir levedyktig grunnlag for skulen og gi kommunen skatteinntekter. I tillegg bør det leggjast til rette for fleire aktivitetar for fastbuande, hytteigarar og tilreisande som skaper liv i bygda, til dømes bygging av badstu ved båthamna, som også vil gi viktige inntekter til det lokale næringslivet gjennom store delar av året.

Biletet er tatt frå: Planinititativ – Dommersnes industri og hamneområde – Varsel om oppstart av planarbeid