I to nylege artiklar i Haugesunds Avis i forkant av- og etter formannskapsmøtet 24. mars, oppgir tiltakshavar Dommersnes AS at arealet for det reduserte, endelege Windafjord Port området er på 417 dekar.
Bevar Ålfjordens Perle vil påpeika at dette er eit arealtal som ikkje fortél den rette- eller heile sanninga:
Her er plankartet som ligg ved den politiske andregongsbehandlinga og her er same kartet der me har skrive på med penn delareala slik at det blir meir lesbart. Me har plussa saman dei ulike delareala og kjem fram til 452,4 dekar totalt når utvida kai er tatt med.
I tillegg kjem arealbeslag i urørt natur for naudsynt omlegging av fylkesvegen. Kor stort dette arealet utgjer, står ikkje oppgitt på kartet, men i følgje Google er typisk vegbreidde for fylkesveg 7m, og når me sjekkar lengda på kartet, får me ca. 2000m med ny fylkesveg.
Arealet av kun vegbanen av ny fylkesveg blir då 7×2000 = 14000 m2 som tilsvarer 14 dekar.
Summert får me då eit totalareal på 452,4+14 = 466,4 dekar som det reduserte, endelege Windafjord Port arealet vil beslagleggja på Dommersnes.
Det er ikkje redeleg av tiltakshavar å ikkje ta med arealbeslaget i urørt natur for naudsynt omlegging av fylkesvegen som full utbygging av prosjektet vil krevja.