Pressemelding frå foreininga Bevar Ålfjordens Perle i Vikebygd som kommentar til dette forslaget til vedtak frå kommunedirektøren i Vindafjord kommune til formannskapsmøtet 15. oktober:
Foreininga Bevar Ålfjordens Perle ønskjer å uttrykkja sterk uro over at Vindafjord kommune ynskjer å skyta inn ny aksjekapital (ved å tæra på oppsparte midlar) i selskapet Dommersnes AS som er tenkt å utvikla industriområdet Windafjord Port i Vikebygd. Me meiner at dette er ein uansvarleg bruk av midlane til fellesskapet, spesielt når private investorar ser ut til å ha frie taumar til å gjera som dei vil.
Bakgrunn for saka
I følgje dokumentet “Dommarsnes AS – Kapitalauke” datert 3. oktober, tilrår kommunedirektøren formannskapet i Vindafjord kommune i formannskapsmøtet 15. oktober å vedta å skyta inn inntil 5 millionar kroner i ny aksjekapital i Dommersnes AS, føresett at den andre eigaren, Westcon Yards AS, skyt inn tilsvarande beløp. Dette kjem i tillegg til dei 3 millionar kronene kommunen allereie har skote inn som aksjekapital i selskapet.
Økonomiske utfordringar
Arbeidert med regulering og utvikling av industriområdet på Dommersnes har vist seg å vera meir kapitalkrevjande enn først antatt. Selskapet har bede om kapitalinnskot frå eigarane for å sikra drift ut 2026.
Dette inkluderer kostnader til ny reguleringsplan, konsekvensutgreiingar og ikkje minst utkjøp av fritidseigedommar innanfor det avsette planområdet. Fritidseigedommane ligg i det såkalla Fase 2 området som det enno pågår konsekvensutgreiingar for og som enno ikkje er nyregulert til industri.
Uansvarleg bruk av midlane til fellesskapet
Me i foreininga Bevar Ålfjordens Perle meiner at det er uansvarleg av Vindafjord kommune å bruka midlane til fellesskapet på eit prosjekt som i stor grad er drive av private interesser når me veit at det er stor trong for økonomiske midlar innan f.eks. skulesektoren og eldreomsorga. Det er urovekkjande at kommunen må skyta inn store beløp for å dekkja kostnadane, medan private investorar ser ut til å ha frie taumar til å gjera som dei vil.
Følgjer ikkje spelereglane
Foreininga har klaga til Sivilombodet på vedtaket om å setja i gang Fase 1 av prosjektet. Me meiner at kommunen ikkje følgjer gjeldande reglar for igangsetting av eit slikt prosjekt, og me meiner det er fullstendig feil av kommunen å ikkje godta utsett iverksetting fordi det vil medføra at tiltakshavar set i gong fysisk arbeid på Dommersnes før Sivilombodet har fått sagt sitt. Då handlar kommunen i strid med hensikten med klageprosess hjå Sivilombodet. Det er ikkje vits i å ha eit klageorgan dersom tiltaket blir utført før klageorganet har fått uttala seg.
Det er viktig at alle prosjekt som involverer offentlege midlar, følgjer strenge reglar og retningslinjer for å sikra at interessene til fellesskapet blir tatt vare på.
Konklusjon
Me oppmodar formannskapet i Vindafjord kommune til ikkje å følgja tilrådinga frå kommunedirektøren om å skyta inn ny aksjekapital i Dommersnes AS. Fellesskapet sine midlar bør ikkje brukast til å subsidiera private investorar som har frie taumar til å gjera som dei vil. Me oppmodar kommunen og politikarane om heller å prioritera prosjekt som tek vare på innbyggjarane og økonomien på lang sikt, og som følgjer gjeldande reglar og retningslinjer.
Foreininga Bevar Ålfjordens Perle,
v/styreleiar Jon Magne Svendsbøe