Vindafjord kommune ofrar Vikebygd basert på betalte konsulentrapportar – kva med NVE sine nylege åtvaringar?

I Vindafjord kommune pressar kommunedirektøren på med vidare investeringar i det omstridde Dommersnes-prosjektet støtta av ordføraren som uttalar i Haugesunds Avis at det er berre tida og vegen for prosjektet. Kommunedirektøren viser til at prosjektet blir støtta av ein rapport, “Muligheter for Norske sammenstillings og installasjonshavner innen havvind frem mot 2023“, datert oktober 2023, frå Menon Economics, eit konsulentselskap som har blitt betalt av havvindbransjen for å gi råd om framtida for havvind i Noreg. Men er det verkeleg fornuftig å basera ei så stor og langsiktig avgjerd på ein rapport frå eit kommersielt konsulentselskap? Kvifor lyttar ikkje kommunen til ein nøytral og nasjonal instans som NVE, som har langt meir nyanserte og kritiske prognosar for framtida til havvindkraft i Noreg?

NVE har nyleg, 7. oktober, åtvara mot forventningane om lønsemd i vindkraftsektoren fram mot 2050. Ifølgje NVE vil regjeringa sin ambisjon om 30 gigawatt havvind vera svært vanskeleg å realisera, og dei anslår at berre 6 gigawatt kan bli bygd ut, mykje på grunn av låge kraftprisar og dei høge kostnadane ved flytande havvind. Kvifor vél kommunen å ignorera NVE sine åtvaringar og heller lytta til ein betalt rapport som fremjar eit meir optimistisk – men kanskje urealistisk – bilete av havvind i Noreg?

Når kommunen og politikarane i Vindafjord vél å bruka fellesskapet sine ressursar på eit så omfattande og kostbart prosjekt, burde dei lytta til våre nasjonale ekspertar som NVE, som gir eit meir nyansert bilete av utfordringane ein står ovanfor. NVE har inga eigeninteresse i å fremje ein bestemt agenda, i motsetnad til eit betalt konsulentselskap som Menon Economics, som har eit økonomisk insentiv frå havvindbransjen om å måla eit positivt bilete av havvindutsiktene. Kvifor baserer kommunen sine avgjerder seg på betalte analysar i staden for å lytta til ei nøytral kjelde som NVE?

Vindafjord er no i ferd med å skyta inn millionar i Dommersnes-prosjektet før konsekvensutgreiingane for fase 2 og 3 er fullførte. Har kommunen verkeleg gjort sin del av det grundige forarbeidet som krevst for eit slikt prosjekt? Ved å lena seg på betalt konsulentrapport og utbyggjarselskapet sine konsulentrapportar, risikerer kommunen å setje seg sjølv i eit økonomisk uføre. Når me har solide nasjonale instansar som NVE, kvifor tek ikkje kommunedirektøren omsyn til deira kritiske vurderingar? NVE har klart åtvara mot utfordringane med vindkraft, særleg når det gjeld Noreg sin geografi og kostnadene som følgjer med å byggja ut flytande havvind langt frå land.

Så kvifor lyttar ikkje kommunen til NVE? Er det forsvarleg å setja Vikebygd si framtid på spel basert på betalte konsulentrapportar? Det er på tide at politikarane i Vindafjord tek ansvar og vurderer kva som verkeleg er det beste for framtida til både Vindafjord og Vikebygd, før ein endar opp med store økonomiske tap og eit øydelagt natur- og samfunnsmiljø i Vikebygd.