Windafjord Port orienterte kommunestyret 24.09.2024

Grannar sin reportasje om orienteringa: — Dommersnes leiar kappløpet (grannar.no)

Haugesunds Avis sin reportasje om orienteringa: Havvind, Vindafjord | – Dommersnes ligg best an i løypa (h-avis.no)

Tirsdag 24. september 2024 orienterte Windafjord Port/Dommersnes AS (ved styreleiar Per Bjørn Habbestad og dagleg leiar Jørgen Jorde) kommunestyret om status og planane framover. Vedlagt er bilete frå dei 7 lysarka som blei vist i møtet i dag samt siste versjon av kart over Dommersnes frå Windafjord Port (WP).

Nokre hovudpunkt som kom fram i orienteringa til kommunestyret:

– WP har hovudfokus på flytande havvind, men dersom marknaden skulle utebli, vil dei satsa på ting på Dommersnes som flytande havbruk, opphogging av offshoreinstallasjonar (decom), bruelementbygging og modifikasjonar på olje og gass installasjonar.

– Norconsult sine analysar og konsekvensutgreiingar vil vera ferdige i løpet av oktober.

– oppstart fysisk arbeid i Fase 1 området blir truleg utsett til heilt i slutten av 2024.

– Dei har no gjort det strategiske trekket å dela Fase 2 inn i 2A og 2B der 2B er området med eksisterande industri mens 2A er ekisterande hytter, urørt natur og sjølve Bronnavikjå. Då kan dei satsa på Fase 1 og 2A i første omgang utan at eksisterande industri på Dommersnes blir berørt.

– Førebels ingen fast fisk (kontraktar), men WP meiner dei ligg først i løypa blant konkurrentane for å sikra seg og bygga ut stort verftsområde fordi: a) reguleringsplanarbeidet er godt i gang, b) dei har fått tildelt første tomt allereie (Fase 1).

– Dei har store havvind-ambisjonar, ikkje minst på engelsk sektor.

– På spørsmål om utkjøp av eigedommar i Fase 2 området, svara Habbestad at forhandlingar er i gong, og finansieringa vil vera lån med pant i eigedomsmassen til Dommersnes AS. Kommunedirektøren kjem etterkvart også med ein økonomisk analyse i forhold til midlane kommunen og Westcon har spytta inn i Dommersnes AS.

– Alle tre representantane frå Høgre som tok ordet, var superpositive til prosjektet fordi dei meiner det vil vera til gode for heile Vindafjord og Haugalandet.

Video frå saka i kommunestyret (andre del av sak 046).

Dersom det ikkje blir det heilt store “havvind-eventyret”, er “decom” og O&G modifikasjonar, altså opphogging og/eller modifikasjonar av Olje&Gass installasjonar aktuelt for Windafjord Port på Dommersnes. Då får me altså “Westcon Yards, avdeling Vikebygd”. Bevar Ålfjordens Perle har fått tilsendt denne videoen frå ein bebuar i Ølensvåg som skildrar korleis støynivået frå slikt arbeid kan fortona seg på Dommersnes i framtida. Dette er frå SØNdag 22. september 2024 i Ølensvåg.